Sminkeromet er kun til utleige etter særskild avtale med laget. Det er ikkje ved noko høve tillatt å bruke laget sin sminke.
Sminkeromet vart også i likheit med alt anna i kjellaren skada etter vannlekasjen i desember 2006. Romet vart ferdig til 100 års feringa i 2007. Veggar og tak vart mala, det vart lagt nytt golv og montert nye benkeplater og speglar for sminkinga. Alt av vatn og elektrisk innstalasjonar vart skifta. Trappholet opp til scena vart og ombygt. Her forlenga vi trapphuset på scena,monterte låsbar dør og isolerte heile rommet. Dette for å unngå framtidige frostskader som den i 2006.
I tillegg til sminkeromet innheld kjellaren kostymelager, teknisklager og kopirom. Alle desse roma er for laget sin eigen bruk og verken rom eller innhold blir leigt ut. I tillegg til desse roma er det ein mindre festsal og vaskerom i kjellaren som blir utleigt